Hjem
Fôrvert til finsk lapphund hann
Male
Ekstern annonse

Annonsen er hentet fra en ekstern kilde. Vi oppfordrer alle kjøpere til å lese annonsebeskrivelsen og kjøpsvilkårene grundig. Vis annonse

Finsk lapphund

Fôrvert til finsk lapphund hann

finn

🐾 Fôrvert søkjast til finsk lapphund hannhund Vi i Kennel Alnopa er på utkikk etter ein trygg og kjærleg fôrvertsfamilie til ein finsk lapphund hannkvalpa frå eit spennande kull i samarbeid med Kennel Lappefrøya på Klepp Stasjon i Rogaland. Kvalpane kjem frå trivelege, sosiale og gode familiehundar, og vi har store forhåpningar til både gemytt og eigenskapar hos avkomma. Kullet er født hjå, og veks opp hjå Kennel Lappefrøya, på ein gard der kvalpane får ein variert og innhaldsrik start på livet. Her får dei god plass til å utfalde seg, utforske omgivnadene og bli kjende med andre dyr, traktorar og det som elles høyrer gardslivet til. Vi legg stor vekt på at kvalpane skal få ein trygg og god start, med positive opplevingar og god sosialisering frå tidleg alder. Kven ser vi etter? Vi ønskjer oss ein fôrvert som vil gi hunden eit godt, aktivt og varig familieheim, der han får vere ein naturleg del av kvardagen. Du må bu mellom Bergen og Gloppen. Vi held sjølve til i Førde, Sunnfjord. Du treng ikkje nødvendigvis ha erfaring med rasen frå før, men bør ha interesse for hund, tid til å følgje han opp og eit ønske om å gi han eit godt hundeliv. Det er eit stort pluss dersom du er interessert i utstilling eller anna hundesport. Som fôrvert får du hunden heim til deg som din eigen familiehund, medan eg som oppdrettar beheld avlsretten etter nærare avtale. Det blir sjølvsagt inngått ei skriftleg fôrvertsavtale der rettar og plikter for begge partar kjem tydeleg fram. For oss er det viktig å finne den rette familien, og vi ønskjer eit godt og tillitsfullt samarbeid med fôrverten. Høyrest dette interessant ut? Ta gjerne kontakt og fortel litt om deg sjølv, familiesituasjonen din, eventuell erfaring med hund og kva du kan tilby ein firbeint familiemedlem. Vi fortel gjerne meir om kullet, foreldredyra og kva det inneber å vere fôrvert hos oss. 🐾 Kennel Alnopa

Valp

1 tilgjengelig
  • Finsk lapphundHann
    Søker hjem

Inkluderer

Kjøpskontrakt

Kennel

Kennel Alnopa

Pote-verifisert kennel

2 medlemskap
facebookinstagram

Pote sammenstiller informasjon fra flere ulike kilder på nettet og har gjort en verifisering av denne kennelen.

Kart

Førde, 6819