Hjem
Bichon havanais frå kennel Havasvingen Reg NKK
Male2
3Female
Bichon havanais icon

Bichon havanais

finn

Bichon havanais frå kennel Havasvingen Reg NKK

Kvalpar frå Havasvingen kennel i Bergen. Me fekk 12.12.2025 fem friske kvalpar av bichon havanaise. Begge foreldre er foreldre frå før og dette vert deira siste kull. Me har vore heldige og nesten kun hatt friske kvalpar med godt gemytt og har derfor mange referanser frå tidlegare kvalpekjøparar. Me har spesialisert oss på friske hundar med godt gemytt og ser ut til at alt går etter planen denne gongen også. Me eig begge foreldre og begge foreldre er heilt utan feil eller arvelege sjukdommar. Dei er grundig sjekka for augesjukdommar og pastellaluksasjon og alt er fint. Dei er også dokumentert hjertefriske. I tillegg er dei tillitsfulle og kjærlige hundar som går godt overens med alle folk og dyr. Også kattar. Hundane veks opp med oss i vårt hus og er aldri aleine i kvalpetida, dei får vere med på alt vi gjer; bilturar, besøk, overnatting, hyttetur. Ute i all slags ver og får møte all slags dyr og folk. Dei vert trent til å bli husreine og får frå ca fire vekers alder fast føde Kvalpane er rein rase bichon havanaise og får stamtavle i nkk. I tillegg får dei vaksiner, chip, ormekur og sjølvsagt helsekontroll med helseattest frå veterinær. Kullet er på fem kvalpar, me har fått tre jenter og to gutar. Alle er flotte eksemplar og vert levert som tillitsfulle friske glade kvalpar Men i allefall gode selskapshundar. Dei er også spreke og våre hundar er vande med å vere med på lange turar. Ta kontakt dersom du er interessert i å bli kjend med denne gjengen. Vi lovar kvalpar av høg kvalitet fysisk og psykisk og kan oppgi mange referanser ved interesse for det. Sjå gjerne Facebooksida vår https://www.facebook.com/profile.php?id=100072433211606

25 000 NOKEstimert overtagelse 6. feb.
Utforsk annonsekilden